Ny generell del bør gi retning inn i ei framtid vi ikkje kjenner

Statsråd Torbjørn Røe Isaksen spør om fellesskulen treng ein ny generell del i læreplanen. Frå eit kommunal eigarperspektiv er svaret ja. Nedanfor følgjer grunnlaget for dette synspunktet. Generell del var ny da reform 94 vart innført og låg til grunn for læreplanen L97. I denne reforma vart 6-åringane flytta frå å få sitt frivillige tilbod i barnehage til å få eit obligatorisk opplegg i grunnopplæringa. Generell del er godt skrive, vakkert illustrert med kulturskattar frå norsk kultur, tradisjon og historie. Dokumentet har ei nasjonalromantisk framstilling, fokus på viktige grunnleggande verdiar og prinsipp. Dokumentet har fokus på notid og mindre på framtid.

Fortsett å lese "Ny generell del bør gi retning inn i ei framtid vi ikkje kjenner"