Karakterar på venskap?

Ikkje sidestill faglege kompetansemål med sosiale kompetansekrav der sosiale media får sette premissane. La skulen vere eit friområde der born og unge fritt kan dukke ned i kunnskapen.

Samfunnet er i svært stor endring. Ein stor del av den menneskelege kommunikasjonen er i form av digitale signal sendt i lysets hastigheit mellom dataserverar. Sosiale media har gjort sitt inntog i norske born sine liv. Kva rolle skal skulen ha? Meldingane går som Ping-pong-ballar mellom individ og digitale sosiale grupper. Formålet er ofte fasadebygging og er ein kamp om å vere synleg i dei sosiale media. I sterk kontrast til denne ukulturen er muligheitene som no opnar seg ved at samfunnet nærmar seg ei fulldigitalisering.

I Ludvigsenutvalet sin siste rapport vart eit breitt kompetanseomgrep flagga høgt. Sosial- og emosjonell kompetanse skulle vurderast nesten på lik linje med det faglege. Stortinget meiner sosial kompetanse er vesentleg når skulen skal gjere elevane i stand til å meistre eigne liv, Regjeringa vil ha dette handsama i læreplanen si generelle del. Korleis vi skal løyse oppgåva avslørast om kort tid med høyringsnotatet for generell del.

La ikkje faglege kompetansemål bli sidestilt med emosjonell og sosial kompetanse. La skulen vere eit friområde der born og unge fritt kan dukke ned i kunnskapen. Dette utan å ta omsyn  til endå eit nytt sett med sosiale kompetansekrav gitt av eksterne aktørar slik som i sosiale media. I klasseromma finn ein eit fantastisk mangfald av ulike personlegheiter. Å vurdere sosial og emosjonell kompetanse kan i verste fall føre til at dette fargerike bildet bleiknar. Kva rett har vi som lektorar til å vurdere born og unge sin sosiale- og emosjonelle kompetanse?

Ei ordning med eigne karakterar i orden, åtferd og eventuelt også flid (innsats og uthald) kan nok vere ryddigare. Ei slik ordning kan også føre til at elevane blir meir bevisste at ein kan skilje person og sak, personlege eigenskapar og faglege prestasjonar, innsats og resultat. Dette kunne eventuelt stimulere til metakognisjon.

Skulen som digital motkultur

Tidlegare var det eit skarpt skilje mellom skule- og utanomskuleaktivitetar. No blir skiljet viska ut. Born og unge er på mange skular i konstant kontakt med det som skjer i den sosial-digitale verda i tillegg til at dei skal ta del i ei krevjande utdanning. Opne trådlause skulenettverk og fri bruk av PCar og smarttelefonar i friminutta skaper ein spøkelseaktig stemning i skulegarden. Dei trådlause routarane kokar, men metakommunikasjon mellom elevane er heilt på frysepunktet. Det er urovekkande mange unge som blir utsett for sjikane og mobbing på nettet. Skulen må både vere ein motkultur til dette, og samtidig må elevane føle seg heilt trygge på at skulen aldri skal vere ein arena for digital mobbing.

Politikarar har gjennom fleire år pressa på at elevar skal kunne anonymt evaluere lærarane sine i digitale spørjeundersøkingar. Evaluering er bra, men ikkje anonymt. Bør ikkje elevar lærast opp til å stå for meiningane sine til tross for den asymmetriske maktposisjonen det er mellom lærar og elev? Vi vil vel ikkje at framtidas arbeidstakarar anonymt skal leggje ut ytringar på nettet viss dei har forhold dei vil ha retta opp på arbeidsplassen sin? Vi må aldri gløyme at ein av føresetnadene  for eit  godt fungerande demokrati, er dialog.  Elevar bør ikkje avlærast, men lærast opp til å vere viktige aktørar i vårt demokrati.

Eit utflytande kunnskapssyn

All kunnskap ligg eit «klikk» unna, er ei halding som mange har. Søkemotorar serverer tusenvis av artiklar om alle tenkjelege tema. Skulen har eit ansvar med å rettleie elevane i denne jungelen av informasjon. Nøkkelen ligg i lærarar med høg utdanning, grunnleggjande kunnskapar hos elevane sjølve og ikkje minst kjeldekritikk. Ser ein på internettartiklar så har desse eit stort spenn i fagleg nivå. Å kunne tolke og forstå krev kompetanse på høgt nivå. Lektorar kjenner gjennom si utdanning godt til ulike utdanningsinstitusjonar og forskingsorgan, veit kva som held vitskapleg mål og om artiklar er henta frå anerkjente tidsskrift eller ikkje. Hand i hand, digital utvikling og fagleg kompetente lærarar.

Etter desse digitale sparka, må ingen misforstå. Teknologisk utvikling, sosiale media og i det heile  – digitalisering av samfunnet må møtast med ei positiv halding. Vi har sett at den nye utviklinga kan gje gode vi aldri før har hatt, og ho kan  i lag med kompetente lærekrefter revolusjonere skulen. Likevel må vi ikkje gløyme at datateknologi er eit hjelpemiddel og ikkje eit mål i seg sjølv. Som ein sportskommentator ein gong sa: «Det bør ringe eit varsellys». Dette lyset bør ringe når teknologien er på  eit kryssande spor til eit trygt og godt læringsmiljø for elevane. På eit kryssande spor til ein mobbefri skule. På kryssande spor for opplæring av komande demokratiske medborgarar.

Én kommentar til “Karakterar på venskap?

  1. Det finnes en del elever som har ulike fagvansker og som er meget dyktige sosialt . For disse elevene hadde det muligens vært en mulighet om det ble verdsatt på lik linje med andre fag ?
    Å ha kompetanse I å bygge broer mellom mennesker og være en god venn samt skape gode positive stemninger uten.å konkurrere er sosial kompetanse verdighet og dannelse på høyt nivå .

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *