Ny generell del bør gi retning inn i ei framtid vi ikkje kjenner

Statsråd Torbjørn Røe Isaksen spør om fellesskulen treng ein ny generell del i læreplanen. Frå eit kommunal eigarperspektiv er svaret ja. Nedanfor følgjer grunnlaget for dette synspunktet. Generell del var ny da reform 94 vart innført og låg til grunn for læreplanen L97. I denne reforma vart 6-åringane flytta frå å få sitt frivillige tilbod i barnehage til å få eit obligatorisk opplegg i grunnopplæringa. Generell del er godt skrive, vakkert illustrert med kulturskattar frå norsk kultur, tradisjon og historie. Dokumentet har ei nasjonalromantisk framstilling, fokus på viktige grunnleggande verdiar og prinsipp. Dokumentet har fokus på notid og mindre på framtid.

Generell del var særs viktig da den kom, og vart jobba mykje med da den var ferskvare. Sidan den gong har vi fått ein ny læreplan, Kunnskapsløftet (L06), og ny formålsparagraf i opplæringslova. Kunnskapsløftet var eit viktig paradigmeskifte i syn på undervisning og opplæring. Læreplanane skifta frå å ha fokus på innhaldet i undervisninga til eit fokus på kva elevane skal lære. Endringa gjekk frå eit fokus på undervisning til å ha fokus på opplæringa som skapar motivasjon, meistring og læring av dugleikar for alle elevar.

Samfunnsoppdraget til grunnopplæringa er uttrykt gjennom formålsparagrafen, § 1 i barnehagelova og § 1-1 i opplæringslova. Denne lovregelen er viktig og bør vera hovudgrunnlaget for ein ny generell del i læreplanen.  Frå ein barnehage- og skuleeigar sin ståstad bør dette nye dokumentet vera eit felles dokument for barnehage og grunnopplæring.

Revideringa av generell del bør gi retning inn i ei framtid vi ikkje kjenner. Gjennom danning og utdanning kan vi likevel sikre at sentrale verdiar blir vidareført på ein respektfull og inkluderande måte, nettopp gjennom å løfta fram konkretisering av samfunnsoppdraget i generell del.

Kva tenkjer vi i dag om korleis samfunnet vil utvikle seg? Kva vil vera viktig å ha fokus på i ein generell del i læreplanen? Her kjem nokre innspel til dette:

  • Endringar som skjer i raskt tempo
  • Informasjonsflaum
  • Menneskeskapte miljøutfordringar som krev samhandling globalt
  • Pluralistisk samfunn der ulike syn og forståing av samfunnet lever side om side
  • Etisk og moralsk handlekraft

Dersom punkta ovanfor er viktige, kva kompetansar blir då viktige?

Barn og unge treng kunnskap for å forstå vårt komplekse samfunn. Kunnskap åleine er likevel ikkje nok. Kunnskapen må kunna omsetjast til handling på ein reflektert og verdibasert måte, dvs. at barn og unge må få kompetanse som må vera ei samansmelting av kunnskap og handlingar.

Grunnleggjande dugleikar, digital kompetanse og ikkje minst sosial kompetanse må vera i fokus. Viktigaste faga blir språkfag, naturvitskaplege fag og mellommenneskeleg forståing.

Analytisk og sjølvstendig tenking vil vera viktig å øve på, refleksjonsevna kan trenast. Gruppetenking er farleg for eit samfunn, t.d. ukritisk følgje leiarar med lettvinte løysingar på komplekse problem. Bygge ei sunn sjølvkjensle tufta på sjølvtillit, sjølvinnsikt og sjølvkritikk.

Kva arbeidsmåtar vil så fremja utvikling av den kompetansen samfunnet treng?

  • Å lære å lære, (metalæring) skapa forståing for at læring er hardt arbeid. Å vera uthaldande kan også lærast, øving må til for å nå ønskt kompetansenivå. Det viktigaste vil vera å lære å læra, å kunne sette ord på korleis eg lærer, forståing av lærestoffet må vera i fokus i heile utdanningsløpet.
  • Sjølvregulering ved å sette eigne behov til sides for andre, sjå situasjonar frå ulike perspektiv, å forstå og respektere andre sine behov.
  • Entreprenørskap – problemløysing i praksis, øver opp kreativitet, nytenking, mot, fleksibilitet, risikovilje i samarbeid med andre.
  • Demokratiske spelereglar må lærast og vera integrert i ein etisk og moralsk praksis.

Redusere fokus på einskildfag er nødvendig, men kanskje det bør opnast opp for større variasjon i fagleg fordjuping tidlegare i grunnopplæringa enn vi har i dag. I fall dette blir ein realitet, må det ikkje skapa skilje mellom elevar på ein slik at vidare utdanningsvegar blir stengde.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *